oppdatert: 06.05.07

 

 

 

REFERAT FRÅ STYRESEMINAR VEST, FREDAG 13. APRIL

 

TILSTADES:

Hordaland: Lars Jørgen Berglund, Sten Rune Roland, Tone Sandbakk, Rune Raudeberg, Trude Senneseth, Eva Glenjen, Krister Fjermestad, Kari Eriksen og Ingrid Kvestad

Rogaland: Inger Johanne Storesund, Jan Mydland, Bjørn Vere, Bente Arntzen og Ane Johnsen Lien.

 

 

Organisasjonspsykolog Gjøri Hovrak innleda med ei gruppeoppgåve.

 

DAGSORDEN:  

- Kort presentasjon av lokalt arbeid.

- LM 07: Valget – kven er foreslått, kvifor?

- Sentralstyret sitt vedtak om prinsipperklæringa - støtter vi Oslo sin kritikk?

- Fagkontaktar; Erik Iversen er invitert til å innlede, vi utvekslar erfaringar, tankar, planer etc.

- LM 07 sak; Konsekvensutredningsutvalget sin rapport – kva har me kome fram til lokalt så langt?

- Eventuelt:

- FU-arbeid – forholdet mellom tillitsvalgsarbeidet og lokalavdelinga

- Fast psykologar

- Hypnose/coaching

- Samarbeidsutvalget  - Helse Vest

 

 

SAK 22/07 Kort presentasjon av lokalt arbeid ved leder i dei respektive avdelingane.

 

SAK  23/07 LM 07:Valg til sentralstyret og av ny president. Lokalavdelingane informerer om sine innspel i med tanke på valg.

 

SAK 24/07 Prinsipperklæringa er vedtatt av Sentralstyret januar 07, lokalavdelinga i Oslo stiller seg kritisk til prosessen. Støtter vi Oslo sin kritikk?

 

Problemstillingar:

Kva har Sentralstyret myndighet/har mandat til å avgjere av seg sjølv?

Er dette ei sak av ei slik størrelse at den burde vera tatt opp på landsmøtet, korleis bør grenseoppgangane vera mellom Sentralstyret og Landsmøtet?

Kan denne prosessen sjåast i samanheng med Sentralstyret sin prosess rundt ekstraordinært landsmøte juli 06?

Kan organisasjonen framstå som udemokratisk for medlemmene?

 

Vedtak: Lokalavdelingane vil i samarbeid formulere eit brev til Sentralstyret, kopi til lokalavdelinga i Oslo, ønske om dialog med styret rundt tema. Utfall av saka kan vera at dette vert ei sak fremma for Landsmøtet.

 

Ansvarleg: Ane Johnsen Lien, Eva Glenjen og Inger Johanne Storesund

 

 

SAK 25/07 Erik Iversen informerer om fagkontaktar. Arbeidet med fagkontaktar bør leggast til lokalavdelinga då det er her kontaktnettverket ligg.

Korleis skal ein gripe saken an reint praktisk? Korleis kome inn på arbeidsplassane? Korleis unngå at dette vert ei ekstra belastning for fagkontaktane?

Gruppediskusjonar: Gr1. Inndeling, Gr2. Rekruttering, Gr3. Selge til/engasjere arbeidsgjevar. Plenumsdiskusjon.

 

Vedtak: NPF Hordaland oppretter eit ”fagutvalg” på lik linje med Rogaland, ambisjon om kontakt/samarbeid mellom fagutvalga i dei to avdelinga, samt Erik Iversen framover. Tar med seg tema vidare frå gruppediskusjonen.

 

SAK 26/07 Konsekvensutredningsutvalget sin rapport. Krister Fjermestad og Kari Eriksen innleder til diskusjon.

 

Vedtak: Dei to lokalforeininga forholder seg til denne saken separat.

 

SAK 27/07 Fast psykologar. Ane Johnsen Lien syner til sak i Stavanger Aftenblad der venstrepolitikar oppfordrar til at det blir ansatt fast psykologar i kommunane for å sikre psykisk helsehjelp til dei som har behov for dette.

 

SAK 28/07 Samarbeidsutvalget i Helse Vest.

Kan NPF Hordaland dekke utgifter for representant frå Bergen?

 

Vedtak: Dette er ok.

 

 

SAK 29/07 Hypnose og Coaching. Rune Raudeberg informerer kort i forkant av diskusjon. Forslag til at saka blir haldt varmt vidare.

 

SAK 30/07 FU-arbeidet i Hordaland vert drøfta. Eva Glenjen referer frå møte i ei lokal gruppe som har drøfta spørsmålet grundig.

 

Vedtak: Vidare utveksling av erfaringar og tankar mellom FU i dei to lokalavdelingane utover styreseminaret.

  

Referent

Ingrid Kvestad

 


 

Hit Counter

 

webdesign ved npf - rogaland 2003. Kontaktperson for web er Jan Mydland